Eg var i Lillestrøm i januar og kjøpte eit fantastisk lekkert stoff eg vil sy skjorte av, men eg har ikkje funne noko bra mønster endå. Difor var eg raskt ute då www.sewingpatterns.com hadde tilbud på mønster i februar (2,99$ pr stk). Dette er eit av mønstera derifrå. McCalls 6401.
Stoffet blei kjøpt inn til 20 kr. meteren frå ein butikk i Vennesla, for eg har tenkt at eg kan bruke dei billige stoffa til å teste mønster før eg bruker av det dyre fine stoffet fra Lillestrøm.
Mi erfaring til no er at amerikanske mønster er ein del større i størrelsen enn norske mønster, så eg svømmer mildt sagt i denne skjorta. Heldigvis er det jo band i livet til å snurpe inn, ellers måtte eg ha endra på den..
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar