torsdag 8. november 2012

Malepenseletui

image
I januar 2011 starta eg på malekurs i Kristiansand, og på hausten det året meldte eg meg inn i Iveland Maleklubb og måtte då dra med meg alt av malesaker tre mandagar i månaden. Lenge tenkte eg at eg må sy meg ei mappe til penslane mine, men det varte og det rakk før det blei gjort. Eg visste liksom ikkje heilt korleis eg skulle gjera det.

Etter mange søk på nett teikna eg endeleg dette mønsteret, og har vore strålande nøgd med det sidan.
Mappa blei ferdig i november 2011


image

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar