Eg fekk endeleg kjøpt meg mønsteret til S&S si vindjakke, og handla også inn taslan og innerstoff i same slengen.
Stoff, mønster og glidelås har lagt i hylla ei stund i påvente av motivasjon til å starte.
Då nokre Sykrokendamer frå Sørlandet inviterte til sydag på Tangvallen skule i Søgne, tenkte eg at dette var eit greit prosjekt å ta med.
Så feil kan ein ta!
Eg brukte nok mesteparten av den dagen til å rekke opp ting eg sydde feil, og mønsteranvisningane var vanskelege å forstå. Slikt må ein sitje på eige syrom og lese utan med døra attlukka.
Vel heime igjen, kunne eg jo ikkje anna enn å forsøke å gjere jakka ferdig, og til slutt skjedde altså det. Ho blei faktisk ferdig, og eg blei nøgd! :-)
Mønsteret var drit å sy, så eg trur kan hende det blir med dette eine eksemplaret, gitt.
torsdag 8. november 2012
Stoff & Stil si vindjakke
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar