Endå ei jakke eg har teikna mønster av frå eit anna plagg eg allereie har. Originaljakka blei kjøpt i Aberdeen ved påsketider i 2010, og det er ei sommarjakke utan for.
Denne jakka blei ferdig vinteren 2011
Ytterstoffet er taslan, og innerstoffet er luksusfleece med prikkar. Alt er handla hjå Stoff og Stil.
Stoff og Stil har mønster til ei vindjakke som liknar litt på denne, men den har vanskelighetsgrad 5 av 5, og eg tenkte at så flink er nok ikkje eg endå. MEEEN, eg trur at det å følge eit mønster faktisk er hakket enklare enn å teikne opp mønsteret sjølv for deretter å gjette seg til rekkefølgen det er lurt å sy dei enkelte delene saman.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar